Bestilte skolesuksessar

8226451812_e197931e26_o

I Henrik Ibsens drama frå 1892, Byggmeister Solness, fekk Solness til slutt lida for sin eigen stigande hybris – draumen om å byggja (for) høge tårn. Slik tårnbygging i skulen er moglegvis eit nytt fenomen – i kvart fall i norsk skule – og eg fatta interessa for fenomenet då eg òg via andre i fleire år kunne sjå det – på nokså nært hald. Litt for nært nokon gonger (for informantane mine var sjølv skuleleiarar eller mellomleiarar – og dei fleste av dei slutta etter kvart, før suksessen var i hamn).

Den pedagogiske innovatøren, på si side, har ofte eit noko anna utgangspunkt – og ikkje minst mål: raske endringar, raske resultat og så ofte vidare på nye oppdrag, ein slags endringsagent, kanskje med mindre evne til å ”stå lenge i det” – for dei skiftar jo ofte jobb, nærast bort frå ”suksessen” – ikkje sjeldan til ein ”betre” jobb rett nok, ”opp” altså. ”Opp” er målet. Quick-fix-eit banar vegen – så å seia. For vidare suksess. Og berre sky´s the limit her.

Men: For i det heile å få til (naudsynt) endring, er ein antakeleg avhengig av sånne folk. Men av og til kan metodane sjølvsagt verta litt dryge, mildt sagt. Som ein næringslivssjef sa det: ”Eg ville snu om på heile organisasjonen – men la meg ut med – og sparka rett og slett dei galne folka, dei beste. Det angrar eg på i dag – det var ein stor tabbe”. Etter kvart ”måtte” han sjølv gå.

Gangen ved slik pedagogisk quick-fix på skuleplan ser omlag slik ut: Ein varslar ei endring, programmerer han – og sel han til slutt ut, som ein suksess (sjølvsagt – det ligg innbygd i sjølve programmet så å seia). Sidan han ofte er initiert ovanfrå (av administrasjon og politikarar) og antakeleg høgst naudsynt (forfallet har gått for langt), følgjer det pengar og ressursar med. Ofte mykje. Bordet fangar så å seia – og nåda han som står fram som karmhaldar her – eller som strør sand. Ein gjennomgåande frase er følgjande: ”Det er SLIK vi jobbar – dei som ikkje skjønar det, har ikkje noko her å gjera.”

Det er jo klåre ord – for pengane så å seia: Investeringa var naudsynt – og har forrenta seg, altså gjeve resultat. Uklar tale og uklare føringar i skulen derimot – og med altfor mange mål som ofte kan slå kvarandre i hel – er jo stort sett normalen i skulen, melder mange. Når det motsette altså endeleg melder seg, hengjer ein del eller mange seg på. Andres suksess kan fort verta eigen. Og kven vil ikkje vera vellukka – som pedagog? Eg kjenner få som vil vera det motsette (unntak finst sjølvsagt).

Programmering av suksessen er ofte ei enkel sak, sjølv om han som sagt kan møta motstand, òg hard motstand (desse folka vil ikkje det ”gode” rett og slett?). Det vondaste er likevel å dokumentera han. For han er ikkje sjeldan selt ut på gater og hjørne for alt han er verd, altså i lokalpressa, etter kvart òg i riksavisene og på tv. Og ei branding kan vera omtrent slik – i parodiert utgåve då:

”Lærarar og tilsette på Møkkahaugen skule held no toaletta reinare og varmare enn dei fleste andre skular. Reine toalett gjev meir trivsel blant elevane. Trivsel gjev meir læring. Difor lærer elevane på Møkkahaugen skule no meir enn før. Helsing Anne-Karin Bjerkebro, leiar av Skuleleiarforbundet i Oslo. PS: Alle vår utsegn om skulen støttar seg på evidensbasert forsking.

Og her gjeld det òg å finna journalistar som kan ta ”oppdrag”. Dei finst sjølvsagt. I alle land – òg i Noreg. Suksess sel. Elende sel òg. Men vedundermidlar frå elende til rask suksess, sel aller mest. Ein trur nesten ikkje det ein ser eller høyrer – oppsiktsvekkande eller forundrande gode resultat – på så kort tid. Ein har rett og slett knekt læringskoden, det pedagogiske tryllepulver er no funne opp – og er til og med – gratis. Så lett altså – kvifor har ingen skjønt dette før?

Men dei protestantiske plikt-etikarane lèt seg ikkje knekka etter nokon nederlag – eller etter andre sin suksessar (på falske premissar i hovuda deira). Dei insisterer enno og gjenstridig – på det harde og jamne arbeid. Dei er konstant tvilande, skeptikarane inntil det insisterande. Og stort sett har dei jo rett. Di verre. All kunnskap ligg jo ikkje eit ”tastetrykk unna”, som Kristin Halvorsen sa det så flott som Kunnskapsminister (2009-13). Ikkje alltid. Alt ”søppelet” på Internett ligg eit ”tastetrykk unna” – dersom ein dagleg vil unngå strevsamt innlæringsarbeid – som elev. Og eg nemner medvite då ikkje stadig livet til fleire lærarar på Facebook – òg i skoletida, òg for han som skriv dette.

La oss til slutt sjå kvifor på pedagogisk quick-fix vert – eller kan verta – ein sjølvoppfyllande profeti. Og då i eit system med karakterbasert inntak til skulane (røynsla mi er altså vgs.). Brandinga må altså gjerast FØR dei ”gode” skuleresultata eller den ”gode” resultatutviklinga er mogleg å få verifisert skikkeleg. Men: Det er alltid nokon skuletal som ”stig” eller viser ”positiv” utvikling. Det kryr for tida med undersøkingar i skulen, mange er digitale – og skuletala ligg ute, både lokalt og sentralt, som tilgjengeleg statistikk for alle som er på nett.

Eg gadd sjå han som ikkje kan finna noko ein ikkje kan bruka her – på einkvan måte. Og journalistar har ikkje sjeldan store problem med å gjennomskoda det som kan vera ein mogleg køpenickade. Lange tekster har dei forresten òg ikkje sjeldan litt dårleg tilhøve til. Tekst med underbyggande tal – kan leggjast til side framfor reine påstandar frå folk på ”toppen” om at ”her går det framover så det susar” – sjølvsagt ofte utan ei einaste kjeldetilvising. Ein opererer i reklamesegmentet rett og slett: Berre Solo har Olos.

Og sidan skulane i stor mon rapporterer inn tal sjølv – er høvet for statistikkmanipulasjon så openbar at det er merkeleg at det er såpass lite fokus på det. Nokre, òg høgt oppe i ”systemet”, meiner tom. at slik manipulasjon rett og slett ikkje er mogleg. Det må vera ein rein tankelapsus – eller dei snakkar mot betre vitande. Antakeleg det siste. Og sidan det å setja karakterar i skulen – og rapportera dei inn – er basert på tillit, er juksemoglegheitene ditto legio. Og personleg lærer eg di verre nye juksevariantar, nesten kvar veke (òg frå lærarar på andre skular som likar å melda slik).

Når suksessen eller ”suksessen” så endeleg har sett seg blant dei som skal velja skular og liner eller utdanningsprogram på våren i til dømes vgs., slusast dei suksesshungrige – og dei med dei beste karakterane – inn i dei rette portane (”taparane” hamner kanskje på den ”dårlege” naboskulen). Og det er tilfeldigvis akkurat der, i dei rette portane, endringsagentane sit – som dørvaktarar. For det er dei òg, dørvaktarar: Likt andlet og lik profil ut mot verda er eit absolutt must. Og her skal smilet fram. Avvikarar eller sandstrøarar vert slege hardt ned på. Jo meir sandstrøing, jo hardare verkemiddel. For ein slik innovatør trur eg ikkje det er noka nedre grense her eigenleg. Føremålet heilagar midlet som det heiter. Målet skal nåast – hinder unngåast – eller dei vert fjerna. Ein er meir i krigsmodus enn på samarbeidssida for å si det sånn.

Likevel er det kollektivet som vert trekt fram i brandinga – eit slags mentalt kollektiv då, oppe i hovudet til innovatøren. Her vert det samarbeidd, ein er tett-på både elevar og lærarar – og kvar og ei får skreddarsydde opplegg som manar til innsats og suksess – over ein låg sko nærast. Ein coaches fram – nokon har rett og slett ikkje berre sett måla for deg som lærar og hyrdeflokken din, men òg verkemidla og vegen. Følg han – og ”herlighetene” skal opna seg. Protestér – og avgrunnen opnar seg – for deg og dine ”medsammensvorne”. For mange pedagogar vert det eit einkelt val.

Og slik vert valet i ein slik ”endringsskule” raskt: Eit liv som sjuk idealist – eller ein frisk opportunist. Ibsen såg likevel etter kvart meir av baksida på desse idealistane – eller dei svært karikerte utgåvene av dei, dei som liksom aldri gjev seg, nesten uansett motbør, blant dei òg folk med gode argument. Ja kor latterlege dei av og til kunne stå fram (kanskje òg i eigne auge), korleis dei ofte streva med dobbeltmotiverte utsegn – og kor hol retorikken deira etter kvart kunne utarta seg til – og der dei ofte eigenleg kjempa ein annan og meir personleg kamp – enn den dei sjølv fronta. Stockmann våsar, skriv Ibsen i eit brev. Uansett var dei idealistar i utgangspunktet, og som Ibsen hadde ei beundring for – for dei var jo òg skore ut av han sjølv på mange måtar.

Opportunistane i skulen og deira hærførarar, altså den aukande mengda quick-fixarar og renovatørar, skal ikkje eg sjelegranske her. Leiaråtferda deira talar kanskje òg for seg sjølv – utan vidare kommentarar. Dei kunne òg eksploatert eit kva for eit som helst system – ideologien her er jo at ein i prinsippet kan leia kva som helst eller kven som helst, fordi ein rett og slett er ein god leiar. Det faglege er altså underordna – eller noko ein tileignar seg på vegen så å seia. Eg har òg kanskje vorte meir i tvil om Haugerud skule er eit slik døme. Men draga er der. Det er sikkert.

Og heilt til slutt – ein slik snuoperasjon basert på pedagogisk quick-fix slutar sjølvsagt i den suksessen han sjølv har proklamert. For når tilsiget av stadig ”betre” eller skoleflinke elevar har gått føre seg over fleire år, rett nok basert på ein meir eller mindre falsk, men naudsynt branding, vil skuleresultata faktisk òg totalt endra seg – til det betre eller langt betre på denne skulen. Ein har rett og slett vorte ein betre eller ”betre” skule – fordi elevgrunnlaget har endra seg – eller kanskje fordi ein har greidd å få tildelt eit meir populært utdanningsprogram (i vgs.) av dei som har initiert quick-fixen. At det antakeleg har gått ut over andre skular, kanskje òg naboskulen – er vel i botn og grunn problemet deira no.

Eller som ein gammal skolekynikar sa det: Quick-fixaren i skulen veit at det er omtrent umogleg å endra elevar eller endra åtferda til elevar, og det gjeld òg lærarar sjølvsagt. Men skuletal og skulestatistikk kan ein alltids få endra. På den eine eller andre måten.

About Karl Otto Neppelberg

Erfaren og velutdannet praksispedagog som skriver under pseudonym.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

Scroll To Top